Velkommen til fjordbygda Jøsenfjorden!
Me får det te!
Aktiviteter

Turar

Ramsfjell

Ramsfjell er namnet på dei tre einbølte gardane som ligg høgt over fjorden og vegen. Det går tursti opp til Midtre Ramsfjell, og frå Midtre Ramsfjell er det sti vidare til Ytre og Indre Ramsfjell. Ramsfjell er ein unik stad, fyrste smakebiten av ”ekstreme” gardar langs fjorden, slik ein møter fleire av lengre nord.

 

Det tek om lag 45 min. å gå opp til Midtre Ramsfjell. Stien startar ved grinda utforbi Sildafjelltunnellen. Det er òg sti frå skaret ved Ytre Eiane til Dale, der ein på vegen passerer alle tre gardane, men denne stien er ikkje merka. Midtre Ramsfjell er ein del av Jøsentrimmen.

 

Åsen

Like bak byggefeltet på Mælandsmoen ligg Åsen. Denne turen inngår i Jøsentrimmen og utsikten her er formidabel.

 

Skolten

Skolten er den bare, runde toppen som ligg bak skulen på Haugesida. Skolten inngår i Jøsentrimmen, og her er utrulig utsikt både opp dalføret og utfjorden. Stien startar ved skytebanen.

 

Ulla-elva

Ulla-elva er livsnerva gjennom heile bygda, sjølv etter den store Ulla/Førre-utbygginga på 70- og 80-talet. Ulla deler bygda i Haua- og Vadla-sida, med Hauge bru (køyrebru og gangbru) og Langemo bru som kontaktpunkt.

Ulla byr på laksefiske i sommarsesongen (kontakt Stavanger og Rogaland Jeger og Fiskeforening eller Coop Marknad Vadla). Elles er her sommartid òg ypparleg for bading. Dei mest populære badeplassane er ved Hauge bru, Långhølen, Storhoggfossen og begge sider av Langemo bru. Å berre gå langs elva og oppleva ulike årstidsvariasjonar er òg flott. Statkraft har opparbeidd ein rasteplass ved Langemo bru. Nedst ved elveosen kan du sjå ”kassen”, taubanen som blei montert for at dei som bur på Haugeneset skulle få ein snarveg til butikk og kai på Vadla.

 

Østerhusvika

Østerhusvika er ei fin sandstrand like ved utleigehyttene på Østerhus. Her ligg det fint til rette for sommarkos med særlig små ungar, langgrunt som det er. For nokre år sidan flaut det i land ein utruleg spennande fisk her; ei laksestørje!

 

Haugevika

Haugevika er strandområdet på Haugesida. Her er flott naustområde med toalett og dusj, brygger, gjestehavn, båtutslepp og badeplass. I Haugevika er det frå gamalt fleire nedlagte sandtak. Desse set sitt tydelege preg på området, med vitnemål om gamalt slit med hjulbår av jern og tre.

 

Fjorden

Sjølve Jøsenfjorden strekk seg mektig frå Nesvik/Mula til Førre. Særlig inste del av fjorden, frå bygda Jøsenfjorden til Førre, kan by på spektakulære naturopplevingar. Men vakt deg for austavinden!

 

Fjorden er fiskerik. Segadal og Førre er fråflytta gardar som er verdt eit besøk. I Savika finn du både kvernhus, rester etter ei gammal sag, flott bekk og sandstrand.

 

Førre

Inst i fjorden der Førreelva møter fjorden ligg Førre. Her var det stor aktivitet under Ulla/Førre-utbygginga. Òg i dag har Førre ei sentral rolle i el-forsyninga nasjonalt, med ein stor koplingsstasjon. Elles er det sauesankarar og folk med tilknyting til gardane i Førre som står for det meste av trafikken til og frå Førre. Du må i båt for å komma deg hit.