Velkommen til fjordbygda Jøsenfjorden!
Me får det te!
Lag og foreningar

Lag og foreningar

Fjordatreffen 

Forening for alle  med føremål å laga og servera god mat og skapa treffpunkt for gamle og unge. Det som regel utarbeidd ”terminliste” med oppsett over aktivitetar. Sjå plakat  på tavla ved butikken.

 

Kontaktperson: Hanne Gerd Skjølingstad

 

Jøsenfjorden Bygdautval

Bygdautvalet skal ta seg av saker av felles samfunnsinteresse. Blant anna er bygdautvalet ansvarlig for torgdagen, Jøsentrimmen og Fjordahuset.

 

Leiar: Berit Søvik Østerhus berit.sovik.osterhus@hotmail.com

 

Jøsenfjorden Fritidsklubb

Fritidsklubben tar seg av felles kulturelle aktivitetar for alle aldersgrupper. Barnaklubben er ein del av fritidsklubben, med faste treff for barn under skulealder med foreldre, og treff for barn i skulealder. Elles arrangerer fritidsklubben teaterturar, fellesturar og kulturkveldar.

Kontaktperson: Marie Hauge mariehauge@hotmail.com

Jøsenfjorden Yngres

Yngres er for barn frå 3. klasse. Yngres held til på bedehusloftet med leikar, andakt, aktivitetar og sal av chips og brus.

 

Kontaktperson: Haldis Karine Nilsen tlf 40439120

 

Jøsenfjorden Onsdagsskule

Onsdagsskulen byr på søndagsskuleopplegg for barn i alderen 4 - 10 år. Onsdagsskulen held til i bedehuskjellaren.

Kontaktperson: Haldis Karine Nilsen tlf 40439120

 

Jøsenfjorden Skyttarlag

Skyttarlaget er over 100 år, og har eige skyttarhus og bane. Banen ligg på Hauge og har 100 m. med elektroniske skiver, i tillegg er der 300 m. Det er fast terminliste som du finn på skyttarhuset og på oppslagstavla ved butikken.

 

Formann: Frode Berg Johnsen tlf 47712416

 

Hjertestartargruppa

Gruppa er ansvarlig for å kjøpa inn og skifta ut utstyret på hjertestartaren i bygda. Personane i denne gruppa har òg opplæring i bruk av hjertestartaren, slik at dersom nokon har spørsmål som gjeld drift eller bruk kan desse personane kontaktast. Liste over medlemmene heng ved butikken.

 Kontaktperson: Marie Hauge og Svein Carlos Nilsen Gjil tlf 93460957

 

 

Jøsenfjorden bedehuskapell

Bedehuskapellet er eigd av bygdafolket, og vert nytta til gudstenester, gravferder, møter og basarar. Kapellet har eige driftsstyre som har ansvar for ettersyn og å skaffa pengar til drift av bygget . Dette skjer hovudsakleg gjennom to store basarar.

 Styreleiar: Haldis Karine Nilsen.

Strikkekafeen
Uformelle treff på Fjordahuset som regel fyrste torsdagen i månaden. Kontaktperson: Berit Søvik Østerhus

Jentekveld
Uformelle treff rundt om i heimane ca ein gong i månaden. Kontaktperson: Kristine Rosså