Velkommen til fjordbygda Jøsenfjorden!
Me får det te!
Om oss

Om oss

Jøsenfjorden er ei lita bygd, men me har mykje å by på; eigen butikk, ny barnehage med SFO, frisør, byggefelt med ledige tomter, skytebane, bedehuskapell, for å nemna noko.

 

”Me får det te” har vore slagordet for bygda i mange år. Dette gjenspeile den gode dugnadsånda me har hatt. Blant anna var Jøsenfjorden den første bygda (utanom kommunesenteret) som fekk barnehage i kommunen. Takka vere dugnadsånda! Me har vore blant dei få bygdene i kommunen som har hatt eit eige musikkorps. Det flotte grendahuset ligg der mange dugnadstimar bak. Og der er mange fleire eksempler.

 

Etter nokre magre år rundt tusenårsskiftet, er me ”i seget” igjen! Nye hus blir bygd, og fleire ungar blir fødde!

 

Bygda vår er rik på naturressursar. Og det er beliggenheten; rett ved fjord, men kun eit kvarters kjøring frå fjell med attraktive turområde både sommar og vinter – som gjer bygda vår unik!

 

Fjordahuset

Fjordahuset er grendahusdelen av barnehagen. Felles namn for barnehage og Fjordahuset er Jøsenfjorden fleirbruksanlegg. Her held bl.a. Fjordatreffen til med sine kafesamlingar. Fjordahuset vert også nytta som selskapslokale ved bryllup, bursdagar og anna festlege lag.

 

Korleis komma hit?

Jøsenfjorden – midt i naturen – i grei pendlaravstand til to kommunesentra (Hjelmeland og Sand).

 

Frå Stavanger:

Med bil: ferje til Tau - rv. 13 til Hjelmeland – ferje til Nesvik – rv. 13 til Jøsenfjordkrysset (indre Eiane) – fv. 632 til Jøsenfjorden! Og snart kjem Ryfast (ferdig 2018)

 

Med hurtigbåt: frå hurtigbåtterminalen i Stavanger til Nesvik.

 

Frå Haugesund/Sand:

Bil/buss til Ropeid. Ferje til Sand. Vidare med bil enten over Gullingen (ca. 35 km.) eller via Erfjord (ca. 40 km.). Og snart kjem brua over Sandsfjorden (skal vera ferdig i 2015)

 

Frå Oslo:

Bil/buss over Haukeli til Røldal (ca. 300 km.). Bil/buss vidare til Suldalsosen (ca. 70 km.). Bil over Gullingen til Jøsenfjorden (ca. 20 km.).