Velkommen til fjordbygda Jøsenfjorden!
Me får det te!
Heim

Heim


VELLUKKA FISKEFESTIVAL PÅ HAUGEVIKA



Det var god oppslutnad om fiskefestivalen 2016. William Natland (5år) fekk premie for størst fisk. Her leiar bente Tednes Gjil premieutdelinga.



NY BOK PÅ SEGLET

Over 1000 personar har skreve seg i bøkene på Seglet, og like mange på Iglatjørn. Nye bøker er lagt ut.


VELKOMEN TIL  COOP VADLA


Besøk butikken vår no i sommar. Til og med hageplanter å få kjøpt!

FYLKESMANN MAGNHILD 17maitalar

Bli med på å feira nasjonaldagen i Jøsenfjorden i år. Velkomen!

AKSJON LEIKEPLASS

 


Etter inspeksjon tidleg i vår måtte rutsjebane, fjørvippe og reilestativ fjernast. For å få fortgang i fornying av av leikeplassen, har foreldra arrangert dugnad på oppfrisking av dei gjenverande apparata. Årsmøtet i bedehuset har kome med tilbod til kommunen om å forskottera nye apparat i år . Nyleg vedtok kommunen å bruka 75.000 kr på nye leikeapparat. Så vert det spennadne å sjå kva tid dei kjem på plass.

VIDEO PÅ YOUTUBE

Vil du høyra ein av protestsongane frå Påskerevyen 2016, så gå inn på youtube og søk på "La elevane få gå på sin nærskule". 2min video med fine bilder frå fjorden og klart bodskap.



STØTT OSS I SKULESAKA!

Hjelmeland kommune sa nyleg eit overraskande og knapt nei til at elevane frå Jøsenfjorden skule få gå på nærskulen sin som er i Erfjord. Alt låg til rette for eit ja; saka var finansiert i budsjettet for 2016, foreldra var samstemde, prosjektet var billegare enn det politkarane trudde. Likevel vart det plutseleg nei. Dette har skapt store reaksjonar blant folk, og dei foreldra som det gjeld har søkt ungane sine til Erfjord kvar for seg. Bygdeutvalet prøver å få kommunestyret til å ta saka om skulekrins opp på nytt, og 7.4 vart det gjennomført eit stort folkemøte der kommunestyrerepresentantane var inviterte. 10 møtte. Referat frå møtet kan ein lesa på Suldalsposten.no (overskrift Full fyr i fjorden), og på Strandbuen.no. Bygda ber om støtte frå alle som kan tenkjast å påverka Ap, Høgre og Krf til å endra standpunkt nok ein gong, og stemma i tråd med budsjettforliket dei sjølv var med på i desember.

VELKOMEN TIL COOP MARKED VADLA







AFTENBLADET SKRIV OM JØSENFJORDEN OG SKULESAKA ETTER AT KOMMUNESTYRET 10 MOT 9 SA NEI!



http://www.aftenbladet.no/nyheter/lokalt/ryfylke/Derfor-vil-denne-bygda-skifte-kommune-3877785.html



PÅSKEPROGRAM I JØSENFJORDEN:
Palmelaurdag: Revykveld
Palmesøndag: Gudsteneste
Skjærtorsdag: Påskebasar
Elles: Open butikk, kort veg til Gullingen, mange fine turpostar!







KLART FOR ÅRSMØTEKVELD


TO FERJER OVER JØSENFJORDEN FRÅ ÅRSSKIFTET!




NYTT ÅR - SOLA PÅ VEG ATTENDE





JULATREFESTEN I ÅR VAR 29.12 PÅ FJORDAHUSET





Her frå julatrefeste i fjor på bedehuset


VINTER 






Snø på Luciadagen - spørs kva det vert til jul?



TO FERJER OG NYE RUTETIDER I JØSENFJORDSAMBANDET FRÅ NYTTÅR


https://www.norled.no/kart-og-rutetider/ferje/rogaland/



LYSMESSE MED INNSATS FRÅ ONSDAGSSKULEN OG KYRKJEKORET




"SYNNE" VITJA JØSENFJORDEN FYRSTE HELGA I DESEMBER





FYRSTE SNØEN I ÅR


 

Fredag den 13 november kom den fyrste snøen til Ramsfjell


TORGDAG SISTE LAURDAGEN I NOVEMBER

                                                                                                                   

Laurdag 28.11 var det torgdag ved butikken i Jøsenfjorden. Fjordatreffen selde graut på lageret i butikken

 




HAUSTBASAR MED LOPPEMARKNAD VAR 7.NOVEMBER I ÅR


Tradisjonen tru var det loppemarknad med basar og kjellarkafe nyleg. Fullt hus og stormande jubel! Takk til alle bidragsytarar.




BILDEKVELD MED SULDAL FOTO VAR NYLEG


Jarle Lunde var på plass og viste mange flotte bilete på stort lerret i gymsalen


TRIVELEG BÅLKVELD PÅ MELANDSMOEN SISTE SEPTEMBERTYSDAGEN

DET VAR OPE VALLOKALE PÅ FJORDAHUSET MÅNDAG 14.9 kl 14.00-18.30




Oppslutnaden i fjorden var på rundt 75%! Svein Carlos Gjil kom inn på SP-lista, med Berit Søvik Østerhus som 1.vara




NATUREN SINE EIGNE FRISTELSER



 

TID FOR Å HAUSTA - FANTASTISK SEPTEMBER




TO FERJER I JØSENFJORDSAMBANDET SJÅ LINK: 


http://strandbuen.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=10146


Mektig i Brådene



Sommar på Østerhusvika


Triveleg festivalkveld 2015




Og nederst litt frå 2013










Fellestur mellom Dale og Østerhus 26.5


 
Familien Østerhus var turleiarar då Fritidsklubben arrangerte fellstur frå Dale til Østerhus. Fin tur, fantastisk utsikt!

17mai 2015

 
Flaggberar Eivind Vadla og faneberar Andre Hjorteland i toget rundt Hauge



 
Knut Vadla og Henrik Halsne la ned krans ved Fjellbergstøtta


 
Berit Haugsland heldt talen for dagen


 
Jøsenfjorden barnehage hei hei hei


 
Sauene til Helena og Gunnar ville visst vore med i toget

Velkomen 17mai


Stor dugnadsinnsats to kveldar på rad

Her frå kittedugnad for bedehuset

 

 





FINT PÅ SJØ OG I HEIA









FRAMLEIS SKIFØRE

Fyrste laurdagen etter påske er det skidag i Fjellbergskaret - her frå tilsvarande arrangement
2014


VÅR OG LEMMING

 
Det er vår og tid for lemming. Etter i travel påske kjem kvardagen attende med ulike akitvitetar. Strikkekafe 9.4, skidag 11.4, dugnad på skytebanen og årsmøte i bedehuset den 14.4, og slik går det slag i slag. 2.mai er det sesongopning for skyttarlaget med feltskyting på Langemo, kvelden før er det innskyting på skytebanen. 

PÅSKEBASAREN 2015

Eit lite utval av gevinstene til påskebasaren skjærtorsdag. Over 200 møtte fram og fekk ein triveleg kveld. Sokneprest i Kampen menighet, Atle Moe stilte sporty opp som vikar for prost Sigrid, som måtte rykke ut i anna oppdrag. Komiteen takkar for gåver og loddkjøp - over 43000 kr i kassen kjem vel med når ny universell inngong skal lagast. 

 

HUSK NÆRBUTIKKEN


 

Masse gode tilbod på Vadla - heile året



 Fin rasteplass
rasteplassen på Vadla     

 
Med slikt vær som me opplever for tida, er det all grunn til å sjå fram til den lyse årstida. Flott på fjorden og flott i heia. Her frå rasteplassen ved butikken på Vadla


Nyval i Fjordatreffen, Fritidsklubben og Bygdautvalet

      

              PÅ årsmøtekvelden 24.2 vart Helena Hauge og Marit Dale valde som nye i styret for Fjordatreffen. Irene Fyljesvoll og Hann Karin Natland var ikkje på val. I bygdeutvalet vart Helge Hjorteland og Olaug Østerhus innvalde.  Endre Gjil, Berit Søvik Østerhus og Magne Natland var ikkje på val. I Fritidsklubben vart det attval på Marie Hauge og Frode Moen, og JØrn Hjorteland var innvald som ny. Haldis NIlsen og Tone Hauge var ikkje på val.  Årsmeldingane vitna om aktivt år hjå alle.



Jøsenfjorden på Facebook

Er du interessert i å følgja det  som skjer i Jøsenfjorden litt tettare, og sjå fleire fine bilete? Følg Jøsenfjorden på Facebook. Der er ei SIDE - "Jøsenfjorden"-samfunn. Der kan du trykka "Like". I tillegg til sida er der ei grupe - der kan du be om å bli medlem og få høve til å dela informasjon. i dage er der nær 250 følgjarar på SIDA, og over 280 på GRUPPA. Velkomen med! 



Jøsenfjorden på Gullingen


 

Jøsenfjorden hadde felles stand på Gullingendagen og inviterte m.a. folk til Coopbutikken og påskebasaren - dette året 2.4.kl 18.00


Møteplass på Mælandsmoen



 

Fyrste mars hadde snøen forsvunne frå leikeplassen på Mælandsmoen


Årsmøtetid

 
25 februar er det årsmøtekveld for Fjordatreffen, Fritidsklubben og bygdautvalet. Følg med på plakat på butikken og les lapp som er sendt i posten. 


Nesten på heimebane

Gunnar Roalkvam

Gunnar Roalkvam fant tonen saman med nær femti frammøtte på bygdakvelden i februar. Tekstforfattaren og historikaren tilbrakte mange sommarveker i Hetlelia som born, hjå tante, onkel og søskenborn. 
 




Og så kjem sola attende!







"Nina" på besøk i Jøsenfjorden







Gunnar Roalkvam til Jøsenfjorden 12.2.2015

 
 

https://www.youtube.com/watch?v=hhjkSdaeN6Q
 

Gunnar Roalkvam - han med "Han far å di" og mange andre gode tekstar og dikt - kjem til Fjordahuset torsdag 12.2. Som barn ferierte Gunnar fleire somrar i Jøsenfjorden, hjå tante i Hetlelia.

Set av kvelden!





 

Nytt båttilbod til Stavanger om morgonen frå 1.1.15:

Les om endringane her: 

  • https://www.kolumbus.no/om-kolumbus/presse/aktuelt/endringer-pa-bat-fra-nyttar/


  • Nytt pendlertilbud fra Hjelmeland, Ølesund, Sandanger og Fister: Hurtigbåten starter på Nesvik kl. 05.20, går via Hjelmeland, Ølesund, Sandanger, Fister og Fisterøyene, før den ankommer Judaberg kl. 06.15. På Judaberg er det båtbytte, og hurtigbåten ankommer Stavanger kl. 07.05. Dette innebærer at det vil være mulig å pendle fra Hjelmeland kommune og være på arbeid på Forus før kl. 08.00.
  • Den "vanlege" morgonbåten held fram som før  kl 7.30 frå Nesvik




Nyttårsstemning på Vadla 31.12.2014.  Godt nytt år!



 



 Juletrefest for store og små

 

Heile 60 store og små fant vegen til bedehuset søndag ettermiddag.